Det tok ikkje lange tida før interrailgjengen trivdes i London.
Virka som forelsking ved første blikk er eit uttrykk ein kan bruke i ein slik samanheng. Stig har ikkje heilt innrømt det endå, men mykje tyder på at han synes London var minst like bra som Manchester.
Etter å ha vore på Fulham-Burnley så var det ein storkamp som venta oss dagen etter. Då tok vi turen til Emirates stadion og såg Arsenal-Liverpool. Stadion er heilt nytt, ilag med oss sat 60.000 som laga eit voldsomt leven. Arsenal vann 1-0 og det blei ein god dag sidan ingen av oss holdt med Liverpool.
Etter denne kampen gjekk turen inn i ein litt ny fase. No skulle musikallivet i London utforskast. Den eine dagen såg vi The Lion King, men alle var einig om at musikalen vi såg dagen etter var best. We Will Rock You er ein musikal som består av musikk frå gruppa Queen og var eit fyrverkeri av ein musikal. Nakkehåra til John Sverre reiste seg fleire gonger ifølge han sjølv. Etter to dagar med musikal var det på tide å sjå ein fotballkamp igjen.
John Sverre fekk draumen sin oppfylt og fekk sjå sitt kjære Chelsea på nært hald. Han fekk sitteplassar like bak trenarbenken til Chelsea og blir fortsatt vill i auga berre ein snakkar om det. Trur nesten det var like før han begynte varme opp ilag med spelarane på Chelsea.
Etter å hatt gode dagar i London tok vi etter kvart turen til Paris. Vi hadde berre ein og ein halv dag i Paris, difor rasa vi innom dei viktigaste turistattraksjonane i ekspressfart.
Eiffeltårnet måtte vi sjølvsagt opp i. Dette var spennande for alle, spesielt for dei med høgdeskrekk. Louvre museet, Notre Dame katedralen, Champs Elysee og diverse flotte bygg fekk eit kort besøk av ein munter Sunnfjord folkehøgskulegjeng.
Vi har no komme oss til Barcelona. Det er ein god del varmare her enn i Paris, noko vi likar godt. Her skal vi innom Camp Nou og Sagrada Familia før vi setter oss på flyet heimover og gjer oss klar til vinterferie og OL på TV.
Mvh
Are Gunnar
Bilde 1: Buckingham Palace
Bilde 2: Big Ben
Bilde 3: Arsenal-Liverpool
Bilde 4: På toppen av Eiffeltårnet