Etter to kalde veker i det nye året med innetrening går det opp for både lærar og elevar at Europaturen er like om hjørnet. Om 3 små veker set vi oss på flyet til Manchester der vi skal sjå eit av verdas største lag spele kamp på Old Trafford. Manchester United – Portsmouth blant 75.000 tilskodarar ser vi fram til å få oppleve. Andre kampar som står på programmet er bl.a. Arsenal – Liverpool i London på Emirates stadion, og Aston Villa – Manchester United. I London skal vi vere ei veke, derifrå går turen til Paris før vi avsluttar reisa i Barcelona og flyr heim att. Desverre har ikkje Barcelona heimekamp når vi er der, men det er mykje å finne på i denne byen av både fotballaktivitetar og vanlige turistgjeremål. Ein kan til dømes lese avisa og snakke om vèret slik vi gjer her i Norge.

Nordvestcup 2009 i Molde
Håpar å kunne oppdatere korleis turen er undervegs.
herlig! ska bli kos ja