Beach & volleyball ytterligare styrka

Feb 08 251

Foto: Anette Haugerud Numme

Nils Edvin Numme er nok kjend for dei fleste innan volleyballnorge. Han har tidlegare vore både elev og stipendiat ved Sunnfjord Folkehøgskule og kjem hausten 2010  tilbake med fersk utdanning. Nils Edvin har kombinert volleyballen ved sidan av å ta mastergrad  i kristendom, og har m.a. trent beachvolleyball i Rio, brasil, ein vinter og spelt profesjonell volleyball i Finland. Dei siste åra har han spelt på Førde vbk. der han famleis er sentral spelar. I tillegg har han 37 spelte kampar for landslaget. I sommar gifte Nils Edvin seg med Anette, som også har vore elev ved Sunnfjord Folkehøgskule, og dei har kjøp husvære ikkje langt frå skulen. Vi gler oss over å få dei tilbake og ser fram til å ytterligare styrke skulen sitt gode renomè på volleyballsida.

Velkommen!

Dette innlegget ble publisert i Beach & Volleyball, Nyheiter.